Lesjaskog kyrkje

Lesjaskog kyrkje var opphavleg bygd som verkskyrkje ved Lesja jernverk i 1690-åra, og låg da ca 12 km lenger aust, der Lesjaverk kyrkje står i dag. Ut frå datering av inventaret, ser det ut til at kyrkja vart vigsla i 1697. Arkitekt og byggmeister er ukjende, men det ligg nær å tru at folk tilknytt jernverket sat inne med god nok kunnskap til å stå for arbeidet sjølve. Frå først av var kyrkja rekna som privat eigedom underjernverket, men i løpet av 1700-talet gjekk den over til å bli ordinær soknekyrkje i Lesjaskog annekssokn under Lesja prestegjeld.

Lesjaskog kyrkje

Kyrkja var gjennom fleire ombyggingar og endringar medan den var i bruk som verkskyrkje. I 1767 vart den utbetra med tårn, spir og tre kyrkjeklokker, og seinare omvælt i 1797. Likevel er den omtala som i dårleg stand da jernverket vart nedlagt i 1812, og det var frykt for at den skulle forsvinne med verket. 

Utover 1800-talet vart det stilt spørsmål om plasseringa av kyrkja, sidan hovudtygda av folket budde lenger vestover. Det vart søkt om flytting i 1826, men gjeve avslag. I 1845 kom saka opp på nytt, og ved kgl.res. 1848 vart det gjeve løyve til flytting. I 1855 vart så kyrkja teke ned og flytta dit den står i dag. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"